MS Solvik

MS Solvik (ex Celine, Suline, Eivindvik) er eit bygg frå Brødrene Aa i Hyen som blei sjøsatt fyrste gong i 1977. Vidar Hop Skyssbåter AS kjøpte båten som MS Eivindvik hausten 2014. Etter ei totalrenovering ved Lending Båtbyggjeri i 2015 har båten fått nytt styrehus og andre endringar og tilpasningar utvendig for å bli best mogeleg eigna til våre oppdrag.

Innvendig er all innredning ny og alt av teknisk utstyr, ledningsnett og instrumentring er nytt. Motorane er fortsatt dei same, men dei to GM´ane er nyoverhalte. Med denne totalrenoveringa har båten fått ein nytt navn - MS Solvik.

Båten har eit passasjersertifikat på max 26 pax og med ny innreiing er den godt eigna til forskjellige oppdrag i eit røft farvatn.

Kontaktinfo

+47 970 18 145
Tekniske data
  • Bygd
    1977
  • Restaurert
    2015
  • Normal fart
    23 kn
  • Maksimal fart
    26 kn
  • Maks passasjerer
    26